Henrik-bruket

Namnet Henrikhajen framhevar at ein driv med hagebruk på garden Henrika. Historisk var Henrikhajen slik ein uttala namnet på ein frukthage innanfor Hoplandselva tilhøyrande Henrik-bruket.

Gardsnamnet Henrika har namnet sitt etter Henrik Mikkelson (d. 1773), men historia til bruket strekk seg lenger tilbake i tid. Anders Jakobson var første brukar av det som i dag er Henrikbruket, og blei dette kring 1570. Før dette dreiv faren Jakob Povelson og bestefaren Povel ein større del av Hopland. Povel er fødd kring 1475. Bumerket til Henrika, er dokumentert ved at Eirik Mogensen signerte eit dokument med dette merket i 1651.

Det har vore drive fruktdyrking på Henrikbruket i minst 4 generasjonar. Gustav Danielson Hopland dreiv bruket frå 1914 til 1957, og Jakob Aaland skriv mellom anna at han var «interessert husdyrhaldar og fruktdyrkar».

Kjelder:
Stadnamn alle (fylkesatlas.no)
Jakob Aaland, Bygdesoga Innvik Stryn II